Nært og personlig fra Katrine Sele om da hun valgte å gå ut av ekteskapet og hvordan det var å finne tilbake til kjærligheten på nytt. Dette er ikke en selvhjelpsbok som skal hjelpe deg med å komme over kjærlighetssorg, men det er hennes memoirarer fra sju år med dating og, forelskelser og kjærlighetssorg. Plukk og lær hva du vil av hennes erfaringer.
Noen av mennene i boka mistenker jeg nesten for å være oppdiktede, de virker noe sterotypiske, og Katrine fremstår som litt vel naiv i noen situasjoner, men verdt å lese uansett!

Om å leite etter kjærleik
Då forfattar Katrine Sele skilde seg midt i førtiåra, blei ho kasta ut i kaos – einsemd, økonomiske bekymringar og frykta for å ikkje strekke til som mor. Men snart tok lengten etter kjærleik over. Ho begynte å leite etter ein kjærast, noko som viste seg å vere både komplisert og uføreseieleg. I denne ærlege og sårbare memoaren skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger og forsøka på å kome nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv. Ho reflekterer over kva kjærleik og sex eigentleg betyr, og korleis ein kan kome seg gjennom hjartesorg – med hjelp frå både eigne erfaringar og litteratur.
Menn som nesten elska meg er ei personleg forteljing om kjærleikens utfordringar, og ei handsrekking til alle som leiter etter nærleik og meining i livet.
Katrine Sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Til dagleg jobbar ho ved Høgskulen på Vestlandet og bur i Jølster i Sunnfjord. Tidlegare har ho blant anna gitt ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar, Samlagsprisen og Språkrådets språkpris for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa. I 2013 gav ho ut biografien Kenneth om komponisten, humoristen og gitaristen Kenneth Sivertsen, og har sidan gitt ut Jølster hotell (2017) og Einars bok (2021).





